Reint AS utfører alle typar tenester innanfor reinhald og vaskeri. Når ein har valt Reint AS til utføring av ei teneste, kan ein vere trygg på at dette vert gjort til avtalt tid og stad og til riktig pris og kvalitet.
Reint AS skal vere det føretrekte reinhaldsfirmaet på dei tenestene vi tilbyr. Vi skal vere engasjerte og skapande i lokalmiljøet. Vi skal vere best på kvalitet og service, og vi skal strekkje oss langt for å oppfylle ynskja dine.
Fantastisk service og kompetanse i verdsklasse..... Er huset ikkje heilt på stell, og du rekk aldri å vaska før det blir kvell. Ta opp telefonen då vell, for det er aldri for seint å ringe til Reint!
Jon Olav S.
Uforpliktande reinhaldsprat
Anten du er privatperson eller representerer privat eller offentleg næring, er du alltid velkomen til oss for ein uforpliktande «reinhaldsprat».